Farsund bibliotek
og Farsund Libris
Skrivekonkurranse 2008

Dikt av
Kristin Frøsland

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

            

     linje

       Ho fortalde

       meg

       eg måtte skrive

       stort

       svakt

       sa eg

       berre med

       ljud

 

 

       produktsetninga

       i kjærleik

       er sansane lik

       null

       eller

       fornufta lik

       null,

       så alt

       går opp

       i opp

        ddr

        i en bakgate

        kryper

        alt som kan

        krype

        mot veggen

        svart, stål og

        stinne

        kneiper

 

 

        968

        å sende tanker

        fram og

        tilbake

        gjennom rustne linjer

        og forsiktig

        bryte

        hinna

 

Novelle av
Ine Oftedahl

 

Kjøkenet

Klokka tikkar over kjøkenbenken. Ein paraply står lent mot veggen. Han er full av fargar.
 Blå, grøn, raud og gul. Eg føler han lyser opp heile kjøkenet. Men no lagar han ljos eg
ikkje vil ha. Eg fører handa mi langs bordet. Kikkar ikkje opp frå avisa. Har ikkje lyst til
å møte blikket hans. Det milde blikket, med så mange spørsmål eg ikkje kan svara på no.
Pusten min gir nesten gjenlyd i kjøkenet; han treffer veggane og blir slengt tilbake. Eg
held pusten og handa mi treff koppen med kaffi. Eg pustar letta ut. Eg trekkjer koppen til
meg og løfter blikket eit sekund.

Eg hugsar då vi kjøpte huset. Eg meinte det var perfekt. Kjøkenet var plassen eg likte
aller best. Eg kunne sjå for meg heile livet mitt på det kjøkenet. Kjøkenet blei også den
plassen vi brukte mest. Her satt vi til langt på natt og diskuterte og prata. Politikk, eit
bra tv-program eller jobb. Orda bare rann ut av munnen mon, og eg kunne nesten ikkje
vente til han svarte. Eg elska disse kveldane. Eg gløymte jobben, genseren eg berre ikkje
kunne finne og venninna eg ikkje hadde fått ringt. Alt eg kunne tenkje på, var kor fint vi
hadde det.

Eg drakk langsamt av kaffien. Ville ikkje at han skulle ta slutt. Då måtte eg reise meg,
og då ville han kanskje seie noko, eller spørje. Om kvifor eg kom så seint heim, om kvifor
eg aldri sa noko og om kvifor eg ikkje likte kjøkenet meir. Eg ville gjerne svare. Eg ville
rope ut sanninga. Men eg ville ikkje at det skulle vere over. Eg ville ikkje sjå han pakke
saman tinga sine og setje seg i bilen og kjøyre vekk Eg ville at alt skulle gå tilbake til
normalen. Eg ville at kjøkenet nok ein gong skulle være fylt av latter, prat og heftige
diskusjonar. Kaffien tok plutseleg slutt, og eg reiste meg langsamt opp.

Eg hadde møtt han på byen. Ikkje på ein bar eller restaurant, men berre i byen. Han hadde
vore der med ein av klassane sine. Eg spurte aldri kva dei hadde gjort der. Eg var ikkje så interessert den gongen. Eg la merke til han, og han la merke til meg. Vanskelegare var det
ikkje. Tida stoppa ikkje opp, hjartet hamra ikkje i brystet og eg kunne endå tenkje heilt klart.
Vi berre la merke til kvarandre og likte kvarandre. Og nokon timar seinare satt eg heime i
leilegheita mi og såg på lappen. Lappen med nummeret hans. Eg hugsa det godt. Den glade følelsen. Følelsen av at noko godt kunne komme til å skje.

Kjelen var tom. Eg rista litt på han, for å vere sikker på at det ikkje var ein liten skvett igjen.
Men forgjeves.
"Skal eg koke meir kaffi?", spurde han plutseleg. Stemma hans flerra den stive lufta som eit varselur.
"Nei, eg klarar det sjølv", sa eg og tappa oppi litt vatn i kjelen. Eg hadde alltid likt kjelen.
Han var raud og stor. Men no hadde malinga begynt å flasse. Store bitar fell av, utan at eg
kunne stoppe det. Det var litt synd. Eg hadde verkeleg likt han. Kanskje vi kunne kjøpe ein ny.
"Vi burde kjøpe ein ny kaffikjele, denne er heilt øydelagt", sa eg og stira ut vindauget. Eg var
litt sint i stemma, høyrte eg. Eg visste ikkje heilt kvifor.
"Kanskje han kan fiksas?", spurde han. Stemma var trist, nesten bedande. Eg kunne ikkje
skjøne kvifor han måtte te seg slik. Det var tross alt berre ein kjele. Eg snudde meg irritert
mot vasken, og hagen utafor forsvant fra augefeltet mitt.

Eg hugsa godt første gongen eg fekk den uvanlege følelsen. Følelsen av at dette var rett.
At eg hadde skote gullfuglen, utan ein gong å ha med hagle. Han hadde berre landa rett ved
foten min, som ved eit utruleg lykketreff. Følelsen kom første gongen ein dag vi gjekk tur ved havet. Bølgjene hadde dratt sanda med seg ut i det ukjende. Vi hadde prata i munnen på
kvarandre. Denne gongen var det om film. Om kva film som var ein romantisk klassikar. Eg
hadde stått på mitt, og erta han for valet hans. Vi hadde ropt ut filmar og den andre hadde
ledd og rista på hovudet. Så plutseleg hadde vi blitt stille, før vi begge sa "Casablanca!". Eg
hadde snudd meg, halde på kåpa og smilt opp mot han. Og han hadde bøygt seg ned til meg
og smilt tilbake.

Eg helte ei skei med kaffipulver oppi koppen og tok kjelen av komfyren. Eg så nøye på korleis kaffipulveret løyste seg opp i koppen. Korleis det virvla opp, før det farga vatnet svart. Klokka
slo eit tungt slag og eg sette meg ned igjen. Tok opp avisa og festa blikket på dei små, svarte bokstavane. Det var ein filmomtale. Ein omtale som eg enkelt kunne laga ein samtale om. Eg
opna nesten munnen, men så lukka eg han igjen. Tok ein stor slurk kaffi, før eg skjønte at eg
måtte rasjonere han litt. Ikkje drikke opp alt på ein gong. Eg titta raskt opp mot klokka. Kor
lengje måtte eg sitja her? Det var laurdag, så eg kunne ikkje sleppe unna ved å gå på jobb
heller. Eg følte blikket hans mot avisa. Det brente seg gjennom dei svarte bokstavane og eg
lukka augo.

Det var ein sundag kveld eg oppdaga det. Eg hadde hatt ein rar følelse heile veka. Hadde trudd
at eg kanskje sov for lite. Kjøkenet verka så lite, og orda mine kom så seint. Eg måtte dra dei
ut. Han hadde sett bekymra på meg. Eg hadde forsøkt å smile. Alt var i orden, forsikra eg han
om. Eg var berre litt trøtt. Vi hadde blitt stille, og eg hadde blitt nervøs. Eg hadde lagt meg
tidleg. Orka ikkje sitje på kjøkenet meir. Han hadde ikkje kome og lagt seg den kvelden. Og
eg hadde heller ikkje spurt dagen etterpå, då eg såg at det kvite, svære vinterpleddet ikkje låg bretta saman på min måte. Eg hadde berre gått og henta kjelen. Kokt kaffi, mykje kaffi og
venta.

Stolbeina skrapa mot golvet då eg skauv stolen ut frå bordet. Eg bretta avisa langsamt saman
og pusta tungt. Eg reiste meg. Kjøkenet skrumpa inn, veggane kom nærmare og nærmare. Orda som hadde blitt sagt tidlegare, fylte rommet eit langt sekund. Det bruste i øyra, før det igjen
blei stille. Frå augekroken kunne eg sjå han kikke opp mot meg. Litt engsteleg, men klar. Eg
snudde meg og møtte blikket hans. Kjente det bore seg inn i sjela, sjå seg rundt og sjå sanninga. Så snudde eg meg igjen. Eg hadde tapt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

No